Tarald Stein Tjenester Framandkar Blogg CV Publisert Gjestebok Kalender
Surrealistisk vestlandsreise
english

Anmeldelse av Olaug Nilssens Vi har så korte armar, roman, Samlaget 2002

Olaug Nilssens andre bok er ei surrealistisk vestlandsreise. Surrealismen var tydeleg óg i Nilssens debut, Innestengt i udyr (Samlaget 1998). Heller ikkje årets bok er mellom dei enklaste romanane å forstå seg på, men forfattaren si evne til å overraske og ta situasjonar på kornet gjer at lesaren ikkje treng å skjøne alt for å få utbyte av boka.

Mental skodde

I Vi har så korte armar dreier det meste seg om sambygdingane Ølgjer og Liv. Dei to kjem frå Skoddeheimen, men studerer no i Bergen og slit med å avklare sine forhold til heimstaden. Såleis er dette ei historie om identitet og ambivalens mellom framtid og fortid.
"Dei to jentene som driv og kikkar inn gjennom vindauga til folk" har ei felles stemme som fungerer som ein usympatisk, allvitande forteljar. "Vi" kjem òg frå Skoddeheimen og representerer folkesjela, eller bygdedyret.
Liv er ein relativt normal student, om enn med eit komplisert tilhøve til sin eigen kropp og eit noko høgt alkoholinntak. Ølgjer bør óg vere ein velkjent type i studentmiljø; den kvasiurbane, påtatt intellektuelle som desperat prøver å frigjere seg frå den mentale skodda i heimbygda. Medan Liv framleis høyrer heime i Skoddeheimen, har Ølgjer aldri gjort det. Medan Ølgjer utgjev seg for noko han ikkje er, kjenner Liv at ho har gjort seg sjølv framand i bygda.


Fragmentert og fortetta

Symbolbruken i Vi har så korte armar er av det sterke slaget. Heimbygda er til dømes fylt av skodde, både mentalt og fysisk. Med unnatak av Liv og Ølgjers familiar, er bygdefolket namnlause, sneversynte betrevitarar. Dette vert illustrert av forteljarstemma og av den pussige "Skoddeheimen samtaleforeining". Sistnemnte er humoristisk skildra, men like fullt med ei øydeleggjande kraft på line med ayatollaer og bygdedyr.
Rint tekstmessig skil Nilssens bøker seg frå det meste anna som er skrive. Handlinga framtrer fragmentert og lesaren vert utfordra til å skape samanhengar. I den nyaste romanen finst dramatiske innslag, dikt, dagbok og sitat frå salmar. Heilheiten vert med dette ein litterær collage.
Karakterane er karikerte og inngår i ei myte om bygdenoreg, samstundes som dei gjer opprør mot slike inngrodde stereotypar. Forfattaren balanserer på det sylkvasse skiljet mellom alvor og ironi. Dette gjev ein spesiell effekt som synleggjer framandgjeringa som karakterene opplever og overfører henne på lesaren.
Humor, sjangerblanding og surrealisme oppsummerer store delar av Vi har så korte armar. Denne romanen gjev deg underhaldning og eventyr, men og eit alvor som sit att når boka er slutt og "vi" har mista grepet.

© 2002
skrevet for Utropia og Forfatterne.net

bokanmeldelser
© Tarald Stein 2008