Tarald Stein Tjenester Framandkar Blogg CV Publisert Gjestebok Kalender
Til å bli kvalm av
english
Anmeldelse av Innestengt i udyr av Olaug Nilssen, Det Norske Samlaget, 1998

Innestengt i udyr er ei bok du kan bli kvalm av. Forfattaren gjer det tydeleg kva psykisk sjukdom/låg sjølvkjensle kan gjere med eit tilsynelatande normalt menneske. Normene i samfunnet vert svært tydelege gjennom blandinga av fantasi og røyndom. Likevel er dette og ei morosam bok, mest på grunn av skildringane av ein kvardag dei fleste kan kjenne att.

Den ytre handlinga foregår i universitetsbyen Bergen. Hovudpersonen går på førelesningar og bur på studenthybel. Og har eit mildt sagt anstrengt forhold til mat. Mellom anna fantaserer ho slik:

"Eg får berre lyst til

- å gå inn på badet og løfte opp loket frå sluket

- ta opp det som finst der av brunt gørr og hår, og ete det

- kjenne at eg svelgjer hår

- kjenne at det ikkje går an å svelgje det heilt ned

- tenkje at det stikk hårtustar opp av matrøyret

- tenkje at ein kan dra hårtustane opp igjen

- ta handa inn i munnen og dra litt i hårtustane"

Eg-personen lever i ei legoverd der Griseline møter Guru, men har og ein studentkvardag med førelesningar. Dette vi er vane med å kalle røyndommen vert vevd saman med den verda som berre er på liksom. Mellom anna var Guru ein legofigur for denne lesaren, inntil han med eitt dukka opp lys levande på gata. Dessutan finn vi A-dur, stemmene som formidler normene til samfunnet. Etter kvart synest liksom-verda meir verkeleg enn røyndommen.

Romanen er laust samansett, og det er ikkje alltid like lett å få samanheng. Innimellom er teksten nærast notataktig, svært kortfatta. Likevel får lesaren eit klart bilete av den kule jenta som gjer alt for å behalde statusen, trass i eit sjølvbilete på line med ein makk. Det som gjer ein mest kvalm, er nok dei intense sekvensane der eg-personen skal ete, eller drøymer om å ete. Og historia om korleis ho fangar stygge, feite, teite Tine og sperrer ho inne.

Forfattaren klarer på ein nyskapande måte å dra lesaren inn i si verd. Denne boka er rett og slett unik, i si form, sitt språk og persongalleri.

© 1998

bokanmeldelser
© Tarald Stein 2008