![]() |
||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Tarald Stein | Tjenester | Framandkar | Blogg | CV | Publisert | Gjestebok | Kalender | |
| Publiserte tekster | ||||||||
|
Et utvalg: Skatt Dragen
slår med halen Om
ikke lenge skal du åle deg ut mellom låra Og jeg skal lære deg å sprute ild Postkort, FINN, Nordnorsk Forfatterlag, 2004 Trosbekjennelse Jeg
tror på Kjærligheten, den allmektige og skapende. Bønn Moder
vår Økumenisk kvinnekalender 2004, Emilia forlag Mainatt
Plakat, FINN, Nordnorsk Forfatterlag, 2003 Skriv
meg ut Plakat, FINN, Nordnorsk Forfatterlag, 2002
Vinden
kviskrar ikkje
Havet
dreg ikkje
Snøen
dansar ikkje
Noen roper navnet mitt. Jeg går ut i hagen hvor ravnene fortsatt spiser av katten min. Noen roper navnet mitt, men det er ingen her. Trærne står der de pleier å stå, rasler bare med sablene nå og da. Så jeg går inn igjen og setter meg foran peisen.
HISTORIA OM EI MØKKABOK Lukta av kumøkk har aldri plaga meg. Sjølv ikkje den gongen eg var fem og ville over eit snødekt jorde for å leike med borna på andre sida. Eg kom omtrent midtvegs før eg sat fast. Eg stod til livet i snø som sakte vart brun rundt meg. Mormor kom og redda meg, bar meg inn til badekaret og spylte meg. Eg saknar barndomen til tider. Men no vil eg fortelje om den dagen eg fekk brevet frå forlaget. Som du veit sende eg inn romanen min i november. Heile vinteren gjekk eg og venta på dette brevet, til tider sikker på at romanen min ville bli ein stor suksess, somme tider overtydd om at heile boka var noko skit. Det var om våren og bøndene var i ferd med å gjere bygda enno brunare og meir stinkande enn normalt. Eg la vel eigentleg ikkje merke til stanken, når sant skal seiast, og hadde hengt ut klesvask; store kvite laken som no utpå føremiddagen var blitt brunflekka. I ettertid kan ein seie at eg burde vore meir påpasseleg, både med klesvask og anna, men det vart uansett raskt for seint. Eg var på veg opp frå postkassa medan eg såg gjennom posten; rekningar og reklame for ting eg ikkje trong eller ikkje hadde råd til. Då fekk eg auge på den tjukke konvolutten som det stod Gyldendal på. Ivrig reiv eg han opp og tok ut det øvste arket. Eg var altså på veg opp frå postkassa. Som du kanskje hugsar går grusvegen der heilt inntil jordet til naboen. Det hadde seg slik at naboen akkurat då heldt på å gylle akkurat der. Men dette la eg ikkje merke til, oppslut av brevet som eg var. I det eg skulle til å lese kva som stod der, høyrde eg ein buldrande lyd og såg opp. Og i det same eksploderte møkkaspreiaren. Lufttrykket reiv all posten ut av hendene mine. I det eg opna munnen for å skrike, skylde den brune flodbølgja over meg, slo meg over ende og slukte både romanen og brevet frå forlaget. Slik har det seg altså at boka mi aldri vart gjeve ut. Som du veit har eg no flytta frå bygda for godt av di eg ikkje kan utstå møkkastanken der.
Supermaria & Bros., antologi for Forfatterstudiet i Tromsø, 2001 |
sidelink | |||||||
© Tarald Stein 2008 |
||||||||